Familiedag på Haualeite besøksgård, søndag 21.september 2025.

Volda bygdetun. Foto: sandalsand




 

I høve forskingsdagane ved Høgskulen i Volda, får studentane i Mat, kultur og konservering i oppgåve å formidle matkultur. Årleg vert dette gjennomført på det idylliske bygdetunet Haualeite. Volda bygdetun er eit bygdemuseum for Volda Kommune. 20 bygningar frå forskjellige plassar i Volda kommune er satt saman til eit sjarmerande og identisk tun som viser oss korleis eit gardstun såg ut frå midten av 1800 talet( Norsk kulturarv, u.å). På Haualeite kan ein besøke blant anna kvernhus, eldstove, skule og stabbur. Dette arrangementet er ein familiedag og både store og små får vere med å lage produkta vi presentera.

Anne-Beth og eg. Foto: Kari Ryslett


Gruppa mi, Anne-Beth H. Hansen og eg, fekk i oppgåve å lage flatbrød og smør. Anne-Beth hadde ansvaret for smør og ho lagde smør av begge variantane som der er oppskrift på. Eg hadde ansvar for flatbrød deig og eg valgte å bruke oppskrifta som vi fekk utlevert av faglærar. I tillegg lagde vi bjørnemosekost. Flatbrød deig og smør laga vi kvelden før. Bjørnemosen plukka eg ein kveld eg gjekk tur, eg renska den før eg bant opp tre emner av ca 30 stilkar og bitta dei saman med eit silkeband. Dette lærte eg då eg var lita jente, på 4H. Vi laga også eigne broskyrer som dei besøkande kunne få med seg om ønskeleg, med oppskrifter på både flatbrødet vårt og på smøret vi laga. Anne- Beth og eg fekk tildelt det utruleg koselege huset, «Joplass-stova». Vi var godt forberedt på alle måtar. Rikeleg med flatbrød deig vart laga samt smør ,og historikken var godt pugga. Skulle det bli dårleg vêr og lite besøkande så var reserve planen at vi skulle lage bjørnemosekostar saman med barna.

 

Gjennomføring av sjølve dagen.

Store nedbørsmengder og tung skodde låg over store delar av Volda denne søndagen. Vi såg for oss lite besøkande og at vi skulle ta i bruk reserve planen vår. Vi hadde pynta fint i  «Joplass-stova» og fyrt opp i grua på kjøkenet.  Ti minutt etter det opna kom dei første besøkande og på tjue minutt var heile stova full av nysgjerrige folk. Store og små, unge og gamle. Dei fleste ville lage flatbrød og vi hjalp til å vise, steike og smøre på.  Sjølv om vi hadde førebudd oss godt og hadde ein plan på formidlinga på historien, vart det ikkje slik som vi hadde tenkt. At der skulle kome så mange besøkande var utruleg kjekt men det blei lite tid. Vi gjorde dette medan vi hjalp dei som ville lage brød. Medan vi fortalte fekk vi mange gode spørsmål tilbake så dette løyste seg på ein bra måte. Der var ein del internasjonale besøkande også ,så vi fekk praktisert historieforteljing på engelsk i tillegg. «Joplass-stova» var fullsett frå første stund og før vi visste ordet av det så var det under ein time til arrangementet var over. Vi fekk så vidt sprunge ut og sjå på stasjonane til medstudentane våre, som hadde hatt det like fantastisk kjekt som oss. Ein liten gut kom innom heilt på slutten og fekk laga seg flatbrød og ein kost før han takka fint for seg og rusla ut igjen i regnet. Ein del broskyrer vart teken med, rundt 60-70 flatbrød vart steikt og Anne- Beth og eg var strålande fornøgd med vêl gjennomført familiedag på Haualeite.

Noko av dekorasjonen vår. Foto: Elise.Aa.E, Anne-Beth.H.H



Mange på besøk. Foto: Elise Aa.Eide





Litt historie

I den norske matkulturen har flatbrød hatt ei viktig rolle i fleire hundre år. Flatbrød blir oppfatta som ein norsk tradisjon men sanninga er at dette ugjæra brødet finst over heile verda. Der er eksempelvis mjuke flatbrød som vi kallar lefser . All slags type mjøl kan brukast til å lage dette brødet. Flatbrød deigen må kjevlast tynt ut før det blir steikt på takke ved høg temperatur, til det blir tørt og sprøtt. Oppbevarast det på riktig måte, nemleg tørt og mørkt, er dette brødet svært lagringsdyktig.  For å konservere mjøl blei flatbrødbaking ein metode. På slutten av 1200- talet kom bekkekverna og då blei kornet malt til mjøl eit par gongar i året. Mjøl tek til seg fuktigheit lettare en heile korn, så muggsopp kunne bli ei utfordring og mjølet vart øydelagt. Bygg og havre var det kornet folk enklast kunne produsere sjølv, så flatbrød blei opprinneleg laga av desse mjølsortane. Då poteta blei meir akseptert og utbredt, på 1800- talet, blei det vanleg å bruke potet i flatbrødet for å drye mjølet. Handelsblokade og ustabile avlingar gjorde mjøl i periodar vanskeleg å få tak i ( Høberg, 2025). Etter skuronna samla bakstekonene seg i eldhuset. Der steikte dei store mengder med flatbrød. Store stablar med leivar av flatbrød som gjerne heldt eit år fram i tid (Sandvik, 2025). Flatbrød spelar framleis ei stor rolle i norske heimar. Både til kvardag og til fest. (Høberg, 2025)

I middel alderen vart ikkje smør bere brukt i matlaging men også som eit betalingsmiddel. Smør blei produsert på alle gardar og verdien på ein gard eller jordleietakstar blei rekna om i smør (Pettersen,G.I. 2013). Smør blir til av melkefeitt, vatn og salt og det blir brukt til baking, steiking og som pålegg. Smør blir framstilt ved at fløta blir separert ut frå mjølka. Den blir pasteurisert og deretter syrna ved hjelp av mjølkesyrebakteriar. Deretter blir fløta kjerna i kar av rustfritt stål, til smør. Smøret blir då skylt i vatn, salta og elta til det får riktig konsistens. (store norske leksikon, 2024)

Flatbrød steiking. Foto: Anne-Beth.H.H

 

Oppskrift på flatbrød :

♥ 7 dl vatn

♥ 1 kg grovbakstmjøl

♥ 1 ts salt

♥ 2 dl byggmjøl ( til utbaking)

Slik gjer du:

♥ Bland mjøl, salt og tilsett ganske varmt vatn. Elt deigen godt til den er fast i konsistens. Den skal vere litt «klissete». Ha deigen i ein plastpose og lukk den godt. La den ligge i kjøleskåpet til den er avkjølt heilt gjennom eller la den ligge natta over. Del deigen i emner på 60-80 gram, alt etter kor stor takke du har. Og kjevl kvart emne til runde og veldig tynne leivar. Kost av mjøl og  steik på høg temperatur, legg sida du har kjevla på ned mot takka til brødet blir tørt på overflata, snu den og steik til der kjem «fregner» på baksida. Oppbevar mørkt og tørt og du vil oppleve å ha flatbrød i lange tider framover. 

På Haualeite  var emnene vi laga 30 gram, så dei som laga seg flatbrød fekk seg eit lite og sjarmerande brød til å ta med seg i handa. 



Bjørnemosekost.

Før i tida var det vanleg å lage kost av bjørnemose. Kosten brukte bakstfruene til å feie grua for aske, før dei steikte brød. Den er også fin å lage krans av. Bjørnemose er utbredt over heile landet og den veks i store flak på fuktige, næringsfattige plassar. Stilken på bjørnemosen kan bli opptil ein halv meter lang (Artsdatabanken, 2017).  

Bjørnemosekost blir til. Foto: Elise.Aa.E



 ♥ Oppskrift på smør.

 ♥ 6 dl kremfløyte eller seterrømme

 ♥ 1 ts salt

Slik gjer du:

  Pisk fløta eller rømma i ein bolle med kjøkenmaskin/handmiksar til feittet skil seg frå væska (kjernemjølk) .Dette tek om lag 5 min, bruk gjerne noko til å dekke over bollen da det kjem til å sprute væske. Sil av kjernemjølka, ikkje kast denne, den har same bruksområde som vanleg mjølk og er super å bruke i t.d. brøddeig, og den kan fint frysast ned. Skyl smøret i kaldt vatn i ein bolle (husk å ha reine hender, bruk gjerne hanskar). Kna godt og bytt vatn fram til fargen på vatnet er klart. Slik fjernar vi restane av kjernemjølka. Deretter tilsett salt og kna godt. Rull smøret i plastfolie eller matpapir og legg det i kjøleskap. Del gjerne i skiver før servering. Smøret held seg fint i kjøleskapet i om lag to veker, og 2 månader i frysaren.

Tips: Å tilsetje urter som kvitlauk, basilikum, persille, chili eller grillkrydder gir smøret ein ekstra spanande smak og er perfekt til f.eks. grillmat, pinnebrød eller festmåltid. (Melk.no, u.d.)

Vi pynta med smør. Foto: Elise. Aa.Eide


 

Oppsummering.

Alt i alt er vi veldig fornøgd med korleis vi løyste forarbeidet, planlegginga og gjennomføringa av familiedagen på Haualeite. Det einaste som ikkje gjekk som planlagt var korleis vi skulle fortelje historia men det løyste seg fint med å fortelje samtidig som vi baka. Tida vi hadde estimert i forkant og etterkant blei heilt riktig i praksis. Vi samarbeide godt og fylte kvarandre ut undervegs. Der blei dessverre ikkje laga meir en éin bjørnemosekost. Hadde vi vert tre personar på gruppa så hadde vi også fått tid til å lage meir av dette. Sjølv om veret var skikkeleg dårleg så var dagen og gjennomføringa perfekt på alle måtar. Dei vaksne og alle barna såg ut til å kose seg og hadde det kjekt hos oss. Mykje skryt for både flatbrød og smør og der var delte meiningar om søret og smøret med rømme var ein klar favoritt. Så dette kunne vi gjerne gjort fleire gongar.  

 

 Litteraturliste:

 

Artsdatabanken. (2017, 16. oktober). Bjørnemoseslekta Polytrichum Hedw. Hentet 12.                                         september 2025 fra https://artsdatabanken.no/Pages/236275/

 

Bandlien, B. (2015, 14. oktober). Smør i bøtter og spann. VOF. Hentet 12. september 2025,                               fra https://vof.no/smor-botter-og-spann?utm_source=chatgpt.com

 

Høberg, Eva Narten: flatbrød i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 12. september 2025  fra                                https://snl.no/flatbr%C3%B8d


Pettersen, G. I. (2013). Priser og verdiforhold i Norge ca. 1280–1500. Riksarkivaren.


Melk.no. (u. å.). Lær å lage smør. Hentet 27. sep 2025 fra

            https://www.melk.no/Inspirasjon/Lag-dine-egne-meieriprodukter/Lag-ditt-eget-smoer


Norsk kulturarv ( u.å). Volda bygdetun og garverimuseum.

 Volda Bygdetun og Garverimuseum - Norsk Kulturarv

 

Sandalsand. (2014). [Volda bygdetun, Joplass-stova] [Fotografi]

              Sandalsand Norge. https://norge.sandalsand.net/bilder-fra-more-og-romsdal/nggallery/album/volda

 

Sandvik, H : «Det daglige brød». Hentet 13. sep. 2025 fra                                                                                     https://www.norgeshistorie.no/grunnlov-og-ny-union/1324-det-daglige-brod.html?utm_source=chatgpt.com.

 

smør i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 12. september 2025 fra

           https://snl.no/sm%C3%B8r



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fra busk til bord - konserverte skattar.

Frå svineribbe til julepålegg.

Heimelaga glede fra takka og smultgryta.