Familiedag på Haualeite besøksgård, søndag 21.september 2025. Volda bygdetun. Foto: sandalsand I høve forskingsdagane ved Høgskulen i Volda, får studentane i Mat, kultur og konservering i oppgåve å formidle matkultur. Årleg vert dette gjennomført på det idylliske bygdetunet Haualeite. Volda bygdetun er eit bygdemuseum for Volda Kommune. 20 bygningar frå forskjellige plassar i Volda kommune er satt saman til eit sjarmerande og identisk tun som viser oss korleis eit gardstun såg ut frå midten av 1800 talet( Norsk kulturarv, u.å). På Haualeite kan ein besøke blant anna kvernhus, eldstove, skule og stabbur. Dette arrangementet er ein familiedag og både store og små får vere med å lage produkta vi presentera. Anne-Beth og eg. Foto: Kari Ryslett Gruppa mi, Anne-Beth H. Hansen og eg, fekk i oppgåve å lage flatbrød og smør. Anne-Beth hadde ansvaret for smør og ho lagde smør av begge variantane som der er oppskrift på. Eg hadde ansvar for flatbrød deig og eg valgte å b...